HjemNyhendeRegjeringa forlenger dei viktigaste tiltaka for å stoppa utbrotet av koronavirus

Regjeringa forlenger dei viktigaste tiltaka for å stoppa utbrotet av koronavirus

Bakgrunn

Den 12. mars 2020 iverksette regjeringa ein rekke tiltak i håp om å stansa viruset. Tiltaka er dei sterkaste og mest inngripande me har hatt i Norge i fredstid.

Dei viktigaste tiltaka som no vert vidareført

  • Alle barnehagar, barneskular, ungdomsskular, vidaregåande skular, høgskular og universitet og andre utdanningsinstitusjonar vert framleis stengt.
  • Barnehageborn og elevar på småskuletrinnet med foreldre som har samfunnskritiske funksjonar, skal framleis ha eit tilbod i sin barnehage og skule, det same gjeld for barn med særlege omsorgsbehov.
    Dei strenge hygienetiltaka held fram. Folk må halde fysisk avstand til kvarandre, ha god handhygiene og hoste i papir eller albogekroken.
  • Ute i det offentlege rom, må folk ha minst ein meters avstand til andre menneske. Når ein er ute, bør ein ikkje vere meir enn fem personar saman i gruppe – med unntak av dei som er i familie eller i same husstand. Innandørs bør folk ha minst to meters avstand til kvarandre, når dei ikkje er i familie eller høyrer til same husstand.
  • Reglane om karantene og isolasjon etter kontakt med smitta (smittekarantene) vert vidareført. Dersom du har vore i nær kontakt med nokon som har fått påvist koronavirus, skal du vere i karantene i 14 dagar. Dersom du har vore på utanlandsreise skal du vere i karantene i 14 dagar frå den dagen du kom heim. Dersom du har fått påvist eller er testa for koronavirus, må du isolerast. Det betyr at du må halde deg heime heile tida, og ikkje gå ut. Dersom testen er negativ, skal du fullføre karanteneperioden.
  • Reglane for karantene ved innreise til Norge frå utlandet (reisekarantene) vert vidareført med dei unnatak og presiseringar som gjeld i dag.
  • Reglane om bortvising av utanlandske statsborgarar som ikkje bur eller jobbar i Norge ved grensa vert vidareført, med dei unnatak og presiseringar som gjeld i dag.
  • Grensekontrollen på indre Schengen-grenser vert forlenga.
  • Helsepersonell som jobbar med pasientbehandling får ikkje lov å reise til utlandet. Forbodet gjeld både tenestereiser og privatreiser, førebels ut april 2020.
  • Kulturarrangement, idrettsarrangement og organisert idrettsaktivitet både innandørs og utandørs er forbode.
  • Alle bedrifter i serveringsbransjen, med unnatak av serveringsstadar der det vert servert mat, det vil seia i kantiner og serveringsstader som kan leggje til rette for at besøkande kan halde minst 1 meters avstand, skal haldast stengt.
  • Servering av mat skal ikkje skje som buffé. Serveringsbransjen omfattar restaurant, bar, pub og uteliv.
  • Treningssenter, symjehallar, badeland og liknande skal haldast stengt.
  • Verksemder som tilbyr frisørtenester, hudpleie, massasje og kroppspleie, tatovering, holtaking(piercing) og liknande skal haldast stengt.
  • Forbodet mot opphald på hytter/fritidseigedomar vert  oppretthalde.
  • Alle landet sine trafikkstasjonar vert halde stengt.
  • Kollektivtransporttilbodet vert oppretthalde.

Du kan ein sjå heile oversikten over nasjonale tiltak på www.regjeringen.no. Dette er tiltak som er innført av norske styresmakter for å handtere koronasituasjonen.


 

Tekst: Sveinung Toft, ass. rådmann


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 25.03.2020