HjemNyhendeViktig informasjon til arbeidsgivarar om permitteringar/oppseiingar

Viktig informasjon til arbeidsgivarar om permitteringar/oppseiingar

  • NAV er førebudd på ein stor auke i tal personar som registrerer seg dei komande vekene. Signala me får frå bedriftene og andre er at svært mange er nødt til å permittera, seier Jane Brit Daae, leiar i NAV region Nordhordland
  • NAV Nordhordland ynskjer å gå ut med viktig informasjon til alle arbeidsgivarar som nå vurderer å permittere eller seie opp sine tilsette i samband med koronaviruset
  • Vi ventar på avklaring av strakstiltak: Det er varsla og pågåande behandling av fleire strakstiltak som skal hjelpe både bedrift og arbeidstakar. Tiltaka er ikkje endeleg avklart og vedteke, og sidene våre vert oppdatert så snart avklaringar er kome frå regjeringa, vonleg i løpet av veka, seier Daae.

Dei neste dagane og vekene ventar NAV stor pågang frå arbeidsgivarar som treng bistand og rettleiing for å sikre at varsel om permitteringar eller oppseiinga vert gjort på ein god måte. Her kjem nokre råd, tips og anbefalingar som kan bidra til ein god prosess for både arbeidsgivar og dei råka tilsette.

Varsel om permitteringar/oppseiingar skal meldast til NAV

Ein arbeidsgjevar som skal permittera ti eller fleire tilsette skal gi melding til NAV om dette så tidleg som mogleg. Dette gjer dei ved å nytta skjemaet «Arbeidsgjevars meldeplikt til NAV ved masseoppseiing, permitteringar utan lønn og innskrenkingar i arbeidstida» (NAV 76-08.03)

Me oppmodar alle bedrifter om å varsla NAV. I tillegg til å varsle på vanleg måte med skjemaet, kan arbeidsgjevarar ta direkte kontakt med oss, på mail eller tlf/ sms, seier Jane Britt Daae.

Skjemaet NAV 76-08.03 skal sendast pr. post, men for at NAV raskt får informasjonen, er det best å sende på e-post. Ring eller send SMS viss det er spørsmål

  • Bedrifter tilhøyrande NAV Alver skal sende skjema på e-post til nav.alver@nav.no. Ring eller send SMS ved spørsmål til 415 28 688/ 412 89 635
  • Bedrifter tilhøyrande NAV Fensfjorden (Austrheim, Fedje, Masfjorden, Gulen og Modalen) skal sende skjema på e-post til nav.fensfjorden@nav.no. Ring eller send SMS ved spørsmål 412 89 178/ 405 57 382
  • Bedrifter tilhøyrande NAV Osterøy skal sende skjema på e-post til nav.osteroy@nav.no Ring eller send SMS ved spørsmål 412 93 061/ 412 91 2 05
  • Bedrifter tilhøyrande NAV Solund skal sende skjema på e-post til nav.solund@solund.no 905 38 956/ 415 28 688

Informasjon og råd til tilsette som permitterast

Tilsette med permitteringsvarsel skal ikkje vende seg til sitt lokale NAV-kontor. Dei finn oppdatert informasjon på nav.no.

Arbeidsgivar må sørge for at tilsette som er omfatta av permitteringa får den nødvendige dokumentasjonen frå arbeidsgivar, slik at NAV får til ein smidig behandling av søknadar om dagpengar.

Viktige vedlegg som arbeidstakarar må ha med i søknaden:

  • Permitteringsvarsel
    Ein må fylle ut eit permitteringsvarsel for kvar enkelt arbeidstakar

    Permitteringsvarselet må innehalde følgande: skal vere datert, angje varselfrist, permitteringsårsak, permitteringsgrad, permitteringsperiode, kven som er permittert og at det føreligg underskriven protokoll på at vilkår for permittering er oppfylt. Det skal og koma fram kva dagar arbeidsgivar har lovpålagt lønsplikt.

    Varslingsperioden vert rekna i kalenderdagar, medan lønspliktperioden vert rekna i arbeidsdagar

    Arbeidsgjevarorganisasjonane utarbeider ofte eigne malar, men du finn òg ein mal på Altinn som alle har tilgang til: Permitteringsvarsel(www.altin.no)

  • Arbeidsavtale eller stadfesting på arbeidsforhold
    Stadfesting på arbeidsforhold må innehalde følgande: når starta vedkommande i jobben, stillingsprosent, eventuell informasjon om variabel arbeidstid/skift/turnus/rotasjon

Eksempel på stadfesting på arbeidsforhold: Ola Nordmann har vore tilsett hos Bedrifta som økonomimedarbeidar sidan januar 2008. Han har jobba i ein 100 prosent stilling til dags dato med ordinere arbeidstider.

Kort rettleiing for registrering som arbeidssøkar hos NAV

  1. Gå til nav.no
  2. Klikk på «Hva er din situasjon»
  3. Klikk på «Er du arbeidssøkar eller permittert?»
  4. Vel din situasjon
  5. Registrer deg – ha tilgjengeleg BankID/BankID/kodebrikke på mobil
  6. Søke dagpengar: Klikk på Skjema og søknad på framsida. Her finner man framgangsmåte steg for steg. Sjekk her når du bør søkje om dagpengar
  7. Registrere CV på arbeidsplassen.no


Rettleiingsvideo: CV og jobbprofil på arbeidsplassen.no

Vi oppfordrar alle arbeidsgivarar til å holde seg oppdatert på våre nettsider.

Viktige lenker på www.nav.no og arbeidstilsynet.no:




Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 17.03.2020