HeimNyhendeKunngjering av årsbudsjett 2020 med handlingsplan og økonomiplan 2020 - 2023 for Masfjorden kommune

Kunngjering av årsbudsjett 2020 med handlingsplan og økonomiplan 2020 - 2023 for Masfjorden kommune

Masfjorden kommune sitt årsbudsjett for 2020 med handlingsplan og økonomiplan 2020 – 2023, vert i samsvar med ny kommunelov §14-3, 4. ledd lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 5. november til 20. november 2019. Masfjorden kommune sin handlings- og økonomiplan syner kommunen sine prioriteringar i høve til teneste- og samfunnsutviklinga i perioden 2020 – 2023. Handlingsplan er heimla i plan- og bygningslova §11-1, og økonomiplan er heimla i ny kommunelov § 14-4.

Årsbudsjettet for 2020 med handlingsplan og  økonomiplan 2020 – 2023 blir handsama i kommunestyret den 21. november 2019.

Merknader til årsbudsjett for 2020 med handlingsplan og økonomiplan 2020 – 2023 må kome administrasjonen i hende innan 20. november 2019 kl. 09.00.

Merknader sendast til Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes eller på epost til post@masfjorden.kommune.no

Dokumenta vert også lagt ut i tenestetorget på kommunehuset, biblioteka i kommunen, Sandnesbutikken, Kvingo Nærkjøp, Nordbygda Senter og Nærbutikken Haugsvær.

Budsjett 2020 Handlingsprogram med Økonomiplan 2020 - 2023 (pdf)

Saksutgreiing (pdf)


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 04.11.2019