HeimNyhendeKunngjering av godkjent planendring for reguleringsplan Liarinden

Kunngjering av godkjent planendring for reguleringsplan Liarinden

Kommunestyret i Masfjorden har i møte den 18. juni 2020, i sak  038/20 godkjent endring av reguleringsplan for Liarinden, planid  463420200002.

Det vert vist til revidert plankart av 01.07.2020 og saksutgreiing med vedtak frå kommunestyret si handsaming vert med dette sendt ut, samt uendra føresegner frå då planen vart godkjent  

Hovudføremålet med reguleringsplanen er  å flytta på busslomma, slik at dei no ligg ovanfor kvarandre. Reguleringsplanen ligg også til gjennomsyn i kommunehuset sin ekspedisjon på Masfjordnes frå 3. juli 2020 til 25. juli 2020.

Plandokument i pdf-versjon:

Om klage og verknad av plan

Vedtaket om eigengodkjenning kan påklagast av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf plan- og bygningslova § 12-12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltningslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa.

Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Fylkesmannen i Vestland og sendast til:
Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, eller til
post@masfjorden.kommune.no innan 25. juli 2020.


Sist oppdatert: 02.07.2020
Publisert: 02.07.2020