HjemNyhendeKulturvernmidlar til Nordre Kvinge trevarefabrikk

Kulturvernmidlar til Nordre Kvinge trevarefabrikk

Restaureringa er i gang

Masfjorden kommune set kvart år av ein sum til kulturvern. I år tildelte formannskapet kr 50 000 til restaurering av Nordre Kvinge trevarefabrikk, og arbeidet med å skifta kledning og restaurera vindauge er no i gang.

Fabrikken vart bygd i 1919 og var i drift fram til 1965. Fabrikken var seinare kjøpt av fem sambygdingar. Far til noverande eigar løyste seinare ut dei andre og sto som eineeigar av NKT. Utfyllande historie om verksemda er å lesa i «Fjon frå fjord til fjell» 1998.

Bygningen ber preg av manglande vedlikehald.  - Eg har inga personleg vinning ved å setja fabrikken i stand, men dette meiner eg er viktig lokal industrihistorie som bør takast vare på og vera tilgjengeleg for alle, seier eigar Stein Inge Kvinge.  - Maskinene frå tida fabrikken var i kommersiell drift er intakt og kan startast den dag i dag. Overføring av drivkraft frå driftsmotoren skjer ved akslingar, reimskiver og drivreimer fram til dei einskilde maskinene, fortel han.

Prosjektet har eit budsjett på  356 000. - Eg har fått tilsagn på kr. 93.000 frå Kulturminnefondet og kr. 30.000 frå UNI-stiftinga. Dei stiller ein del fordyrande krav til korleis restaureringa av dei 21 vindaugskarmane  på framsida av bygningen skal skje, men eg er nyleg kome i kontakt med eit firma på Voss som kan hjelpa meg med dette arbeidet, slik at eg kan imøtekoma  krava på ein akseptabel måte, seier han.

For det er eit stort arbeid eigaren har teke i ferd med. - Av og til lurer eg på om eg har teke meg vatn over hovudet ved å gå laus på eit slikt prosjekt, men det er noko i meg som seier at eg berre må, avsluttar han.  Fritidsproblem blir det i alle høve ikkje i tida framover for den entusiastiske eigaren.  

Bygningen representerer viktig lokal industrihistorie. Det viktigaste for kommunen er at bygningen vert teken godt vare på slik at maskinpark vert sikra, og at det vert opna for at publikum kan besøkja verkstaden og den unike maskinparken.

Trevarefabrikken før restaureringa

 

 

Tekst: Frank Kvinge
Foto: Privat


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 14.08.2019