HjemNyhendeTilgjengeleg helsestasjons- og skulehelsetilbod under korona-utbrot

Tilgjengeleg helsestasjons- og skulehelsetilbod under korona-utbrot

Prioritert arbeid:

  • Følgje opp nyfødde – unngå heimebesøk, men tilby konsultasjon.
  • Gjennomføra barnevaksinasjonsprogrammet (6 veker, 3 månader, 5 månader, 12 månader og 15 månader).
  • 6 vekers konsultasjon med helsesjukepleiar og lege
  • Følgje opp barn og unge med spesielle behov
  • Følgje opp familiar med spesielle behov

For dei som skal møte på helsestasjonen vil me sette opp konsultasjonar tidleg på dagen for å redusere smittefaren.

Alle andre konsultasjonar av helsesjukepleiar og lege vert  utsett inntil vidare.

Helsesjukepleiar er berre tilgjengeleg på helsestasjonen framover. Dersom ein har spørsmål eller ynskjer time på helsestasjonen ta kontakt på telefon eller e-post. Denne perioden vil me ha auka mengde telefon-konsultasjonar for å redusera smitterisiko.

Helsestasjonen føl oppdateringane frå Helsedirektoratet og det kan bli endringar etter kvart som situasjonen endrar seg.

Håpar det er forståing for desse tiltaka.

Masfjorden helsestasjon og skulehelsetenesta v/ Randi, Marta og Ida

Masfjorden Helsestasjon. Telefon: 56 16 63 13
Marta Midtbø: tlf: 99 52 68 51 epost: Marta.midtbo@masfjorden.kommune.no
Randi Ulvøy: tlf: 40 80 16 40 epost: Randiulvoy.kalgraff@masfjorden.kommune.no
Ida Eide: tlf: 96 62 50 14 epost: Ida.eide@masfjorden.kommune.no


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 16.03.2020