HjemNyhendeEldreprisen til Gerd Kvingedal

Eldreprisen til Gerd Kvingedal

Dei gode kommentarane sat laust då Gerd fekk overrekt Eldreprisen av ordførar Karstein Totland

(Foto: Dei gode kommentarane sat laust då Gerd fekk overrekt Eldreprisen av ordførar Karstein Totland)

Ordførar Karstein Totland sto for overekkinga av diplom og blomebukett.

I grunngjevinga for pristildelinga står det:

Gerd Kvingedal har vore aktiv i frivillig innsats for eldre i lang tid, både før og etter at ho sjølv vart pensjonist.

Gerd har vore aktiv i det aller meste av tilbod som eldre har hatt på Sørsida. Ho er ei allsidig dame, og vi nemner kort kva ho har bidrege med:

  • Ho har vore styremedlem i pensjonistlaget heilt fram til 2018 og er framleis ein av dei som gjer ein god innsats i drifta av pensjonistlaget.
  • Ho er ein god kokk, og har teke på seg kjøkkenteneste ved utruleg mange tilstellingar, både små lokale og dei årlege vårfestene for pensjonistar frå heile Masfjorden
  • Ein av dei vanskelegaste tinga for aktiv deltaking når du vert pensjonist i Masfjorden er å delta i sosiale tilstellingar dersom du ikkje sjølv køyrer bil. Gerd har hatt stor omsorg for at eldre utan bil skulle bli inkludert, og har  ringt og tilbydd skyss, henta og bringa svært mange både til tilstellingar for eldre, og til konsertar, basarar og andre aktivitets-og kulturtilbod..
  • Gerd har vore aktiv i seniordansen, seniortreffa,  helselaga sitt arbeid, kort sagt hatt ein finger med i det aller meste arbeidet for eldre i vår del av bygda
  • Og Gerd er ein stor humørspreiar, blid og hyggeleg, har alltid ein god replikk på lager og spreier glede!


Me gratulerer Gerd med Eldreprisen.

 

Tekst og foto: Frank Kvinge


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 02.10.2019