Biblioteket og Nav Masfjorden vert stengd frå 12. mars
Biblioteket
På grunn av korona-viruset vert alle biblioteka i Masfjorden stengde frå torsdag 12.3.kl.18 til og med 26.03.2020.
Av same grunn må Bokbåten avlyse nordturen. Det betyr at han ikkje til Masfjorden 20.3.slik det var annonsert. Det vert arbeidd med å få til ein ny tur til Nordhordland etter påske. Det vil kome nærmare melding om det.
Nav Masfjorden
Instruks frå Arbeids- og velferdsdirektoratet gjer at
NAV Fensfjorden er stengd frå 12. mars 2020 og inntil vidare pga. korona-situasjonen. NAV-kontoret er eit offentleg kontor med besøk av mange med kroniske sjukdomar og for å beskytte desse og generelt hindre smittespreiing vil du få hjelp på andre måtar enn fysisk oppmøte. Vi hjelper deg på telefon eller på nett:
Ring 55 55 33 33 eller bruk Ditt NAV for kontakt og hjelp.
Tekst:
Kjellaug Bolset Strand, biblioteksjef
Malin Daae Steine, konstituert helse- og omsorgsleiar