HeimKampanjerLokale vedtak om stengde tenester og krav til verksemder

Lokale vedtak om stengde tenester og krav til verksemder

Regjeringa forlenger dei viktigaste tiltaka for å stoppa utbrotet av koronavirus

Tiltaka vil vare fram til over påsken og til og med 13. april (kan verta forlenga). Les meir om vidareføring av tiltaka

Reduksjon i hjelpemiddeltenesta grunna Pandemi-beredskap

Masfjorden kommune har grunna Pandemi beredskap sett opp nokon nye tiltak i hjelpemiddeltenesta for å beskytte innbyggjarane i Masfjorden mot smittespreiing av Corona-virus. Les meir om reduksjon i hjelpemiddeltenesta. 

Hytteeigarar må snarast reise heim

Masfjorden kommune ber alle som oppheld seg på hytte og som kjem frå ein annan kommune om å reise heim snarleg. Les meir om påbod om heimreise for hytteeigarar.

Masfjorden sjukeheim er stengd for besøk

På grunn av koronavirus stengjer me sjukeheimen for besøk, i fyrste omgang i 14 dagar.
Les meir om stenging av sjukeheimen for besøk

Til elevar, føresette i kulturskulen og andre brukarar

All undervisning i Masfjorden kulturskule er stengt og kulturarrangement er avlyst, i fyste omgang for to veker framover. Les meir om stengd kulturskule

Biblioteket og Nav Masfjorden vert stengd frå 12. mars

Alle biblioteka i Masfjorden og NAV Masfjorden vert stengde frå torsdag 12. mars
Les meir om stengd bibliotek og Nav Masfjorden

Helsedirektoratet stenger alle barnehagar og skular

Helsedirektoratet innført ein rekke tiltak som gjeld frå i dag, torsdag 12. mars kl. 18.00 og to veker framover. Les meir om stengde barnehagar og skular

Symjebassenget på Matre er stengt

Grunna fare for koronasmitte er bassenget og treningsrommet stengt til 30. april. Les meir om stengd symjebasseng

Krav til arrangørar ved tilstellingar

I samband med Korona-viruset har Masfjorden kommune i samråd ved smittevernlegen innført krav til arrangørar og serveringsstader. Les meir om krav til arrangørar ved tilstellingar


Sist oppdatert: 25.03.2020
Publisert: 13.03.2020